Styret i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 2. kvartal 2026. Rekneskapen viser eit resultat før skatt på 266 millionar kroner for kvartalet mot 275 millionar kroner for same periode i fjor. Resultat etter skatt er på 218 millionar kroner, noko som gir ein eigenkapitalavkastning på 11,6 %.
- Banken leverer eit godt resultat på linje med fjoråret, med ein eigenkapitalavkastning på 11,6 prosent, seier administrerande direktør Trond Teigene. - Banken har ein sterk marknadsposisjon i Sogn og Fjordane og ein god vekst i privatmarknaden også utanfor kjerneområdet vårt.
Netto renteinntekter enda på 347 millionar kroner, ein reduksjon på 33 millionar kroner frå 2. kvartal 2025 og ein reduksjon på 8 millionar kroner frå førre kvartal. Reduksjonen frå 2. kvartal i fjor er delvis forklart med overføring av lån til SpareBank 1 Boligkreditt, medan nedgangen frå førre kvartal primært er forklart gjennom auka innlånskostnadar og pressa marginar. Banken har vekst i utlån til privatmarknad på 5,3 % siste 12 månadar, inkludert volum overført til SpareBank 1 Boligkreditt. For bedriftsmarknaden har banken ein auke i utlån på 3,0 % siste 12 månadar.
- Konkurransen om kundane er stor. Likevel har banken oppretthalde ein god utlånsvekst. Renteauken frå Norges Bank har innverknad på kundane sin investeringsvilje og privatøkonomi. Generelt sett har kundane våre god kontroll på eigen økonomi, med stabilt lågt misleghald, seier Teigene.
Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar aukar med 9 millionar kroner frå 2. kvartal 2025 til 63 millionar kroner. Det er god vekst i inntekter frå betalingsformidling, spareområdet og eigedomsmekling samanlikna med same periode i fjor.
Banken har eit resultat på finansielle postar på 36 millionar kroner, ein auke på 22 millionar krone frå same kvartal i fjor, mellom anna grunna god resultatutvikling i Fremtind Forsikring og SpareBank 1 Gruppen. Banken har driftskostnadar på 178 millionar kroner i 2. kvartal, ein auke på 15 millionar kroner samanlikna med same kvartal i fjor. Kostnadsprosenten inkl. verdipapir er på 39,9 % i kvartalet og 43,4 % eksklusiv verdipapir. Banken har ei målsetting om å vere under 40 % også på kostnadsprosent ekskl. verdipapir og vil halde fram med fokus på kostnadseffektivitet.
Banken har kostnadsført netto 2 millionar kroner på tapsavsetningar i kvartalet. Det er inntektsført 19 millionar kroner på individuelt vurderte engasjement, medan modellbaserte tapsavsetningar er auka med 21 millionar kroner.
Banken har gjennomført ein retta emisjon på 400 millionar kroner i 2. kvartal som følgje av at banken avdekka feil i rapportert kapitaldekning i samband med framlegging av kvartalsresultat for 1. kvartal.
Pr 30.06.2026 er rein kjernekapitaldekning 16,8 % eksklusiv perioderesultat og 17,4 % inklusiv 50 % av perioderesultat. Regulatorisk krav til rein kjernekapital inklusiv kapitalkravsmargin er 16,0 % og banken har med dette ein god margin til regulatoriske krav og ein tilfredsstillande vekstevne framover.
Banken har sett i verk tiltak for å styrke internkontroll på kapitaldekning og redusere risiko for nye feil. Banken har nytta ekstern bistand både i kvalitetssikring av historisk rapportering og i samband med rapportering av 1. og 2. kvartal. Arbeidet med å styrke internkontrollen vil halde fram også i 3. kvartal, men banken vurdere no å ha gjort tiltak som vesentleg reduserer risiko for nye feil og at banken med gjeldande tiltak har tilfredsstillande kontroll på kapitaldekningsrapporteringa.
Hittil i år har banken eit resultat etter skatt på 457 millionar kroner og ein EK-avkastning på 12,2 % og har med det ei lønnsemd godt over finansielt måltall på EK-avkastning på minimum 11 %.
- Vi er godt nøgd med resultatutvikling og lønnsemd hittil i år. Vi må halde fram med å ha fokus på kostnadar og kostnadseffektivitet, samstundes som vi jobbar offensivt for å halde oppe vekst og styrke andre inntekter, men dette har vi gode føresetnadar for å lukkast med, seier Teigene.
Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av tala pr. 2. kvartal 2026. Kontaktpersonar: Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086 Frode Vasseth, direktør finans og forretningsstøtte, tlf. 951 98 452
More information: Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
679791_SpareBank 1 Sogn og Fjordane 2. kvartal 2026.pdf 679791_SSF Investorpresentasjon Q2 26.pdf